tirsdag 3. mars 2009
Generasjon.com, kommentar til kapittel 1-3
Eg hugsar første gongen vi kjøpte oss ei datamaskin, dette var Commadore 64. Det gjekk ikkje lenge før eldste broren min ikkje gjorde på anna enn å spele data. Syntest faktisk at denne tingen såg ganske interessant ut eg. Men det var ikkje mykje eg fekk bruke den, då broren min nærmast døgnet rundt nytta den til dataspeling. Eg har sett bakdelane med å bruke datamaskin til speling og atter speling. Ein kan byrje å snakke om avhengigheit, utvikling av dårleg kroppshaldning, mindre sosial / saman med familie o.l. Eg var lenge motstandard av datamaskina som underhaldningsverkty. Dette resulterte òg i at eg ikkje skaffa meg mobil, eller tok i bruk Internett før eg var tvungen til det, dvs. ikke før på vidaregåande. Eg endra etterkvart haldning. Men eg har ikkje endra meining når det gjeld "usunne" dataspel (action spel). Mange unge gutar, spesielt i tenåra nedprioriterer leksene, familieselskap og "sunne" aktivitetar framfor desse action spela. Eg klarer ikkje å forstå dette. Kva lærer dei av å slost og krige med kvarandre? Etter at eg byrja på dette studiet ser eg dei mange moglegheitene som data-entusiastar ser i digitale verkty og dataspel. Dataspel er ikkje berre drepe- og krige spel. Det finnst mange dataspel som underviser.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar