torsdag 5. mars 2009
2. samling DKL102_Google Earth
På samling i dag hadde vi om Google Earth i Picasa. K. Antvort gjekk i gjennom programmet og visste oss korleis vi kan lage film ved hjelp av Picasa og deretter geotagge (plassere) biletfilmen på jordkloda (google earth). Vi fekk ei gruppeoppgåve i samanheng med dette; Kva kan vi bruke Google Earth til? Gruppa mi bestemte seg for ei oppgåve der elevane (1.-4. klasse) skal geotagge bileter av foreldra, besteforeldra og oldeforeldra sine og deretter skrive noko om livsstil og levekår i tekstruta på Google Earth. Som hjelpeverkty skal dei ta i bruk Mindomo til å lage slektstre over familiemedlemmane / mine aner.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar