
I dag har vi presentert Google Earth - undervisningsopplegget vårt. Deretter kom T. Frantsen og snakka om Google Sketchup. Eit 3 - dimensjonalt teikneprogram. Klikk her for meir informasjon om teikneprogrammet. Øvingsoppgåva vi fekk i høve dette programmet er at vi skal teikne huset som vi bur i. Programmet synest eg er brukarvenleg, men kan verke noko avansert når ein ikkje har prøvd det før. Det vil vere eit godt læringsverkty i fag som kunst og handverk (arkitektur) og matte (geometri). Eg arbeider framleis med huset mitt, vert lagt inn etter kvart.
Du kan sjå teikninga av det nesten ferdige huset mitt i arbeidsmappa mi, her. Her finn du òg litt informasjon om kva funksjonar eg har nytta meg av, utfordringar med programmet o.l.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar