torsdag 19. februar 2009

Litt om M2 prosessen

Snakka med Agnes tysdag på Skype. Ho testa ut telefonen og det fungerte. Eg var ikkje klar over at vi hadde gruppeleiar på denne oppgåva... (det er ikkje alt eg klarer å få med meg). Uansett synest ho at det var flott at eg hadde oppretta eit dokument for den skriftlege oppgåva og eit planleggingsdokument for kommentarar og avtale av skypetid. Det var ikkje meininga å ta over leiaren sine arbeidsoppgåver. Vi skal foressten ha møte i dag kl 20.00 om M2. Synest at vi har kome godt i gong. Eg trivst saman med gruppa. Lærer ein del av å vere på gruppe med lærarar/rektor, spesielt når vi får oppgåver som er så lærarrelatert som denne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar