
Vi synest nettavisen har vort bra, det står att å legge inn bilde på Kristin sin artikkel då ho har vore vekkreist. Håper ho får gjort det fort. Den skriftlege oppgåva er òg snart på plass. Vi har brukt ein del tid på tilbakemeldingane/responsen til Lok1. Tilbakemeldingane på artiklane deira vart meir tidkrevjande enn nødvendig synest vi, då dei har plassert alle artiklane under èin journalistisk sjanger (nyheitsartikkel). Når det er sagt var dette ei veldig lærerik oppgåve for meg, då eg har fått lære meg korleis CSS/PHP-kodene for Wordpress-tjenesten fungerer. Mykje av resultatet har foregått ved prøving og feiling. Spesielt det å endre språket på sida til berre norsk. Eit godt hjelpemiddel i denne samanhengen var søkefunksjonen... Eg skreiv inn det engelske ordet, så bevega eg meg gradvis nedgjennom malane for å finne kvar til dømes "Tags", "comments", "home" o.l. låg. - Ein tungvindt, men ok måte å gjere det på når ein ikkje kjenner omgrepa til kodene hundre prosent.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar