Var borte 1. timen så eg gjekk glipp av Fride si forelesing. Men eg fekk derimot med meg C. Nesset si forelesing om kameraet, kameravinklar/retningar (aksar), utsnitt (viktig med variasjon - unngå to like utsnitt). Nøkkelord: Kontinuitet. Eg lærde om kraning/tilting, panorering, sooming (ikkje bra - må ha ein god grunn). Tips: Filme ei scene ekstra lenge slik at du har litt å gå på når du skal klippe/redigere.
Øvingsoppgåve: Filme/presentere ein stad, hus, rom, sekvens (person som gjer ei bestemt handling). Gruppa mi filma Kårstadbygget og tok i bruk tilting og panorering. Det vart ein mørk film då vi filma på kvelden, men fekk kontrastar mellom lys frå vindauga og mørket ute. Ein litt skummel effekt. På slutten av dagen fekk vi ei ny øvingsoppgåve som vi òg skulle bruke fredagen på. I denne samanhengen fekk vi utlevert eit ordtak som vi skulle skrive ein synopsis (kort fortelling av manus) av. Deretter skulle vi teikne historia vår på eit storyboard, lage filmen og redigere i moviemaker. Klikk her for å lese min synopsis av ordtaket.
Merk! Fordi eg ikkje kunne møte fredag har eg laga min eigen synopsis av ordtaket...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar