Har no prøvd ut videoverktyet Xtranormal.
Eit ganske artig program, synest eg. Har laga ein liten presentasjon av meg sjølv på engelsk. Ligg i sidemenyen, heilt nederst... Ser gode moglegheiter for bruk av dette programmet i skulen. Det er kjekt at det finst så mange ulike arbeidsmetodar å ta i bruk i læringssamanhengar. Variasjon er noko vi alle set pris på. Å lage små videoar, serier på denne måten vil nok motivere mange elevar til å ville lære, ikkje minst fordi det er så fjernt frå dei tradisjonelle undervisningsmetodene som oftast vert oppfatta som kjedelege. Men ved hjelp av dette programmet får eleven tileigne seg fagkunnskapar og digital kunnskap og ferdigheiter gjennom eit leikorientert verkty - kan oppfattast slik, men eg vil tru at "å lære gjennom leik" vil verke meir motiverande for eleven. Du vil oppleve fleire engasjerte og lærelystne elevar. Læreplanen for kunnskapsløftet 2006 har mange konkrete læringsmål der ein kan ta i bruk dette programmet. Til dømes i faga norsk (samansette tekstar), engelsk (språklæring; intervju, debattar o.l.), kunst og handverk (filmskaping) har eg funne fram til konkrete læringsmål der ein kan ta i bruk dette programmet. Læringsmåla gjeld for 4.-7. klassetrinn, og du finn dei ved å klikke på lenkene:. Læreplan i norsk - samansette tekstar - Læreplan i engelsk - språklæring - Læreplan i kunst og handverk - visuell kommunikasjon
tirsdag 17. februar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Den måten å bruke Xtranormal på var ein god ide! Eg tenkte at filmdelen skulle vere god, men dersom ein først tenkjer språk og skriving blir det viktigast. Får litt stopp i bilete/lyd under avspeling. Var ikkje så positiv til dette programmet i utagangspunktet, kanskje eg må prøve det ut litt meir.
SvarSlett