fredag 16. januar 2009

1. samling DKL102_Tankekartverkty

Då er 1. samling for emne DKL102 over. I dag hadde vi om tankekartverktyet. Omgrepet vert gjerne forstått som "å vere aktiv konstruktør av sin eigen viten". Problemstilling: Digitalt eller på papir? Vi (gruppe 4) laga tankekart om sosial programvare i Mindomo. Øvingsoppgåva finn du i arbeidsmappa mi. Vi vart einige om at tankekartverktyet kan brukast i alle fag og til: å ta notat, visualisering/forklaring, idèmyldring (individuelt/kollaborativt), kunnskapsbygging, kognitiv støtte, samarbeid/utvikling og sjølvsagt eit godt presentasjonsverkty som strukturerer og held ryddig oversikt. Andre tankekartverkty er Freemind og C-map, ulikskapen ligg i at ein må laste dei ned. Kjem nok til å bruke tankekartverktyet i ulike samanhengar, har testa det ut som notatverkty.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar