søndag 18. januar 2009

Design av arbeidsmappa og bloggen min

Har endra litt på arbeidsmappa mi. Likte ikkje at menyen vart så lang. Har også laga til undersider for kvart delemne, slik at dei no får kvar si side. Er så langt fornøygd med systemet mitt, men du skal ikkje sjå vekk i frå at ting og tang vert endra undervegs etterkvart som eg ser at det ikkje fungerer. Brukar òg same rosa fargen på arbeidsmappa mi som bloggen min har, synest dei på ein eller annan måte bør stå i stil med kvarandre, då både blogg og arbeidsmappe er arbeidskrav i studiet -der arbeidsmappa skal synleggjere arbeid eg har gjort og der bloggen skal vise til refleksjon rundt dei ulike arbeida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar