søndag 26. april 2009

Sjå filmen vår her!

Filmoppgåva var veldig interressant. Eg gjekk vel og merke glipp av sjølve filminga med videokamera, men var med på 1. del av produksjonen. Å lage film i skulen kan vere veldig spennande og ikkje minst har video ein særeigen eigenskap: Video er levande bilder, og på den måten er det lett å verte påverka. Elevar som til dømes har vanskar med å lære gjennom lesing kan film vere ein måte for eleven å lettare ta til seg lærdom på, då ein ser samtidig som ein både høyrer og (les tekst) Ein kan til dømes lage dokumentarar, forteljingar, oppskrifter o.l. gjennom bruk av filmkamera og eit videoredigeringsprogram (MovieMaker). Vår gruppe har laga ei forteljing med utgangspunkt i forskningsresultat. Filmen er ein dokumentar om trivsel i skulen og fekk tittelen Indisposed (utilpass). Vår synopsis lyder slik: Eleven føler seg utilpass på skulen, grunna ein lærar som held lite motiverande undervising, og i tillegg er krass og sint. Læraren prøver å gi eleven det læraren sjølv trur er god undervising. Eleven klarer ikkje få utbytte av denne undervisinga, sidan både undervisinga og læraren er lite motiverande. Dette vert ekstra godt framheva i filmen, i det læraren gir eleven eksamensoppgåva, eleven tek i mot og prøver så vidt å løyse oppgåvene, men ser fort at han får det ikkje til, og hiv frå seg papira.
Utfallet blir at eleven får ikkje til å lære, og stryk på eksamen. God fornøyelse!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar