fredag 13. mars 2009

Meir om avisproduksjonen

Har brukt mykje tid på nettavisa vår. Men det er òg einaste moglegheita, skal vi klare å kome i mål med ei oppgåve som i utgangspunktet er for vanskeleg. Meinar eg forstår i allefall litt og kanskje òg ein del, om korleis CSS/HTML kodene fungerer. Synest eg har fått til mykje på nettavisa vår. Meinar eg ikkje har så mykje igjen no av samansetning, profil, design og innhald. Har jobba nærmast døgnet rundt (det føles nesten sann) med denne avisa. Har eigentleg fått den hjelp eg kan forlange av dei andre gruppemedlemmane. Dei har bidrege med logoen, sine artiklar, føreordet vi skal ha på sida vår og andre idèar som utsmykker sida. Planleggingsdokumentet vårt for A2 har vorte teke aktivt i bruk av alle. Alle er flinke å møte til avtalte Skypenettmøter. Eg synest kanskje dette har vore den kulaste arbeidskravoppgåva til no, om eg ser bort frå all tida eg har brukt på å setje meg inni i wordpress-tenesten/programmet. Eg likar utfordringar og enda betre når eg ser at ting tek form i den retning eg/vi ønsker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar