torsdag 26. mars 2009
Informasjonsnav og moglegheiter
Eg arbeidar no parallellt både med A3 og M3... Kanskje av den grunn synest eg det er noko vanskeleg å konsentrere meg. Har lese artikkelen til Høivik (2008) Fire veier til kvalitet, og ser at ein informasjonsnav/portal kan vere ein måte å hjelpe elevane med å filtrere bort unødvendig informasjon, ved at læraren opprettar til dømes ein RSS-lesar som Netvibes og legg inn berre den informasjonen elevane treng til den gitte oppgåva eller faget. I tillegg har portalar fleire funksjonar som ulike sosiale programvarer som kanskje er med på å gjere det meir attraktivt for elevar å ta i bruk portalen. Dessutan, ein god portal har mykje nyttig informasjon, er strukturert og ryddig oppbygd slik at det er enkelt for elevane å finne fram til den informasjonen dei ønsker. Då er dette ein veldig effektiv måte å søkje etter informasjon på. Elevane har alt dei treng på ein stad, som tyder kvalitetssikra informasjon, mindre sjanse for å kome bort i "dårlege" kjelder/sider, meir effektiv jobbing ved datamaskina.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar