
Ja, då har eg endeleg kome i gong med A2. Har ligge litt på etterskudd her, men skal prøve så godt eg kan å kome ajour. Har oppretta meg ei nettavis, (som du finn ved å klikke på bildet) med eigen headder (har brukt eit googlebilde av ei avis, bretta som eit fly - synest det passa då eg tenker at posten/siste nytt vert sendt direkte ut til folket). Eg har lagt til RSS-feed til dei andre på gruppa, men dessverre ikkje fått skrive artiklane, dette skal eg få gjort snarast. Ser at Anders har oppretta eit planleggingsdokument for gruppeoppgåva. Det er flott at nokon på gruppa tek ansvar når gruppeleiar ikkje får gjort det. Vi hadde faktisk gruppemøte i går. På det skypemøtet vart vi einige om å jobbe med / redigere artiklane, tenke sjanger og oppbygging o.l. Vi vart òg eininge om at eg, gruppeleiar er redaktør for nettavisa vår og at Anders vikarierer for meg når/visst eg eventuelt vert borte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar