torsdag 5. februar 2009
Litt om A1 og planleggingsdokumentet
Tenkte eg skulle skrive litt om korleis det går med A1. Så langt har alle gruppemedlemmane teke i bruk planleggingsdokumentet og det gledar meg som gruppeleiar at alle møter til avtalte tider på Skype. Vi samarbeidar bra synest eg, vi er villige til å tilpasse oss slik at vi alle skal få moglegheit til å få vere med på møta. Med andre ord, det har gått smertefritt føre seg så langt. Kristin har kome heim frå London, så no får vi med oss ho òg. Eg/vi var litt usikker på når ho kom heim, har prøvd å få tak i ho med både SMS og epost, då eg dessverre ikkje har fått noko beskjed om at ho skulle reise vekk, så vi har hatt to skypemøter utan ho, men det er framleis mykje som står att både i planlegginga og produksjonen...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar