fredag 13. februar 2009
ACID Xpress
Har prøvd dette programmet no i samanheng med A1, podcastproduksjon. Eg har prøvd å redigere delane som podcasten vår er sett saman av og synest programmet er bra, så langt. Kan ikkje så mykje med det enda, men har funne ut at ein kan gjere MP3-filene mindre. Eg er usikker på korleis ein gjer filstørrelser mindre med Audacity... Anders løyste "problemet", ved å klippe vekk noko av musikken (men det er ikkje eg einig i!). Han sa eit eller anna om at han ikkje ville gå ned i lydkvalitet. Men no har eg redigert min versjon av podcasten og fått med ALT og fordi eg har nytta "Syre-ekspressen" er lyden klar og høg, men kanskje vert kvaliteten på podcasten litt redusert når ein gjer filstørrelsen mindre. Eg lagra fila som 96 Kbps i staden for 128 Kbps og då vart ho like under 10 MB. (Google tek ikkje i mot filer som er større enn 10 MB). No håper eg at lydkvaliteten er godkjend for resten av gruppa:) Sjekk den ut her
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar