fredag 23. januar 2009

Østerud v.s. Vettenranta om Mediedanning

Vi har fått ei ny øvingsoppgåve i delemnet lydproduksjon, der vi skal med utgangspunkt i dei to kapittela i pensumboka Mediedanning og mediepedagogikk: "Mot mediedysleksiens tidsalder" av Solikki Vettenranta og "Krever medieutviklingen en ny dannelsestenking?" av Svein Østerud skrive eit blogginnlegg der vi kommenterer ein av artikkelane, eller begge, i tillegg til refleksjon om tanker og forventninger til DKL104-emnet. Her vil det kome noko etterkvart...

Ja, då er eg i gang... Artiklane kaster lys over tema som går på danning hos menneske i denne "Internett-verda" vi lever i, i dag. Vettenranta stiller mellom anna spørsmål som: Vil born og unge som veks opp i ein stadig endra mediekultur og medieteknologi, få tid til refleksjon, stabilitet og moglegheit til å lære empati og ansvar? Kva har denne utviklinga ført til? Vettenranta meiner at barn og unge identifiserer seg med media; "Mediekulturen har elementer som skolekulturen mangler: underholdning, mulighet for tankeflukt og drømmer, anledning til å glemme hverdagen" (Vettenranta, 2007 s. 28). Ho trekkjer òg fram noko av dei "negative sidene"ved media, der ho mellom anna meiner det er viktig å oppretthalde lærar-elev forhaldet. - Personleg kontakt bør ikkje erstatte mediebruken hos elevane. Begge har fokus på skulen og korleis den kan oppfattast for eleven (kva verdiar, kunnskapar og haldningar skulen formidler) men der Østerud fortel om synet til læreplanane gjennom desse 10 åra, då media først kom inn som ein artefakt og skulle takast i bruk som verkty, og korleis skulen kan vere med på å danne menneske - "ruste barn og unge til deltakelse i samfunnsliv og arbeidsliv" (Østerud, 2007 s. 57). Han meinar at "dannelsen hos dagens ungdom alltid [bør] vere åpen for forandringer" (transformativ) (Østerud, 2007 s. 52). Artefaktane vil alltid endre seg og skal ein unngå havne i kategorien "illiterate persons " (analfabet?) må vi halde oss à jour som Østerud seier. Begge forfattarane trekkjer fram Vygotsky sin teori som seier at læring skjer sosialt/ i samspel med personar - "Menneske danner seg selv i dialog med sine kulturelle og sosiale omgivelser (Østerud, 2007 s. 34).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar