fredag 30. januar 2009
1. samling DKL104_Radiosjangeren
Samlinga starta med førelesing om radioproduksjon: Radiosjangeren, dramatiske verkemiddel v/T. Frantsen. Der vi fekk lære korleis lage radioinnhald? Kva kjenneteiknar eit godt radioprogram? Korleis radiosjangeren kan brukast i skulen. Vi fekk òg prøve oss på å lage eit radioinnslag om moglegheiter og utfordringar i høve medieproduksjon i skulen, ved å nytta Skype, eit kommunikasjonsverkty. Ein kan ringe til kvarandre, chatte, ta opp lyd og fleire kan prate i lag. Å lage radioprogram gav meirsmak og er heilt klart ei spennande arbeidsmetode å prøve ut i skulen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar