onsdag 14. januar 2009
Wesch v.s Selwyn om Sosial programvare
Vi har fått i oppgåve å drøfte Wesch sitt syn på læringspotensiale opp mot den britiske forskaren Neil Selwyn. Har sett på forelesinga til Michael Wesch, A Portal To Media Literacy der han drøftar problemstillinga: "The crisis of significance" og kritikaren Neil Selwyn som stiller seg spørsmålet: "Er sosiale programvarer betre enn andre læringserkty"? Selwyn er kritisk til læringspotensialet til sosiale programvarer. Han er ikkje så sikker på om ein vil oppnå same grad av læring, då desse programma vert sett på som underhaldningsverkty. Han meinar at skal bruken av sosiale programvarer vere meiningsfull for eleven krev dette digital kompetanse av læraren og ei total endring på skulen sitt læringsopplegg. Eg er eining i dette. Ein må vite når, korleis og kvifor ta i bruk sosiale programvarer i undervisninga. Eg er heller ikkje ueinig i Wesch som meinar at læring handlar om å stille gode spørsmål, ikkje om å finne svar. Ei undersøking han gjennomførte viste at halvparten ikkje likte å gå på skulen, men at alle likar å lære, men at mykje av pensum var lite relevant for det verkelege livet. Dessutan viste det seg at dei spørsmåla elevane stilte læraren i klasserommet var: Kva treng vi å kunne til prøva?, Kor lang må oppgåva vere? o.s.b Dette viser at undervisninga slik som ho er i dag er lite meiningsfull for studenten. Du kjenner at den typiske klasseromsundervisninga, der læraren tek plass fram med kateteret og "fyller" eleven med informasjon. Dette meinar Wesch vi må gå bort frå. Det er ikkje noko vi ikkje kan eller klarer å finne svar på ved hjelp av internett. (Nesten) alt er tilgjengeleg. Det har vist seg at sosiale programvarer som "Wikipedia has shown us that by working together in new ways we can create information that rivals the content of experts". "Blogging thaught us that anybody can be a creator of information". "Tagging thaught us that we could organize this information explosion ourselves". "RSS thaugt us that information can find us" og "Nobody is as smart as everybody" (Kevin Kelly). Han meiner læring skjer ved samhandling! Ved å ta i bruk sosiale programvarer som læringsverkty i undervisninga vil lære eleven å stille gode spørsmål som vil setje eleven i stand til å stille seg kritisk, vere kreativ, samarbeide og det er utfordrande. Det er då læring vil skje, og ikkje minst vere meiningsfull. Barbara Harrell Carson meinar mellom anna at "Students learn what they care about, from people they care about, and who, they know, care about them". Vi lærer av kvarandre! Kanskje vil Wesch sine idèar føre til at elevane ser sosiale programvarer som eit læringsverkty i staden for eit underhaldningsverkty om ein tek det i bruk på ein slik måte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
God artikkel! Vanskeleg å ikkje vere enig med både Wesch og Selwyn i læringssyn. Det som er "farleg" er å tru at det berre er den eine måten å lære på som er god. Dersom ein kan balansere bruken av ulike læringsmetodar trur eg alle elevar vil tene på det. Klarar ein å få elevane til å stille kritiske spørsmål til lærestoff og arbeidsmåtar har ein nådd eit viktig mål!
SvarSlett