mandag 27. april 2009
Nettmøte på Skype om eksamensoppgåva
Hadde møte i dag om eksamensoppgåva der vi snakka litt om kva vi skal ta med oss vidare frå 1. nettavisa vår og over på den nye. Vi kom fram til at vi ville behalde mykje av oppbygginga og bygge vidare på ho med andre widgettar som "antal besøkande" o.l. Vi bestemte òg at Kristin og Grethe har ansvar for å ordne/finne bilete til alle artiklane, då Kristin har eiga 10. klasse og kan ordne bileter som skildrer innhaldet i artiklane ved hjelp av dei. Har sendt e-post til Carl om at han må sende oss ei tom Branford Magazine - nettavis så eg kan begynne på ho. I mellomtida skriv eg på leiarartikkelen.
søndag 26. april 2009
Sjå filmen vår her!
Filmoppgåva var veldig interressant. Eg gjekk vel og merke glipp av sjølve filminga med videokamera, men var med på 1. del av produksjonen. Å lage film i skulen kan vere veldig spennande og ikkje minst har video ein særeigen eigenskap: Video er levande bilder, og på den måten er det lett å verte påverka. Elevar som til dømes har vanskar med å lære gjennom lesing kan film vere ein måte for eleven å lettare ta til seg lærdom på, då ein ser samtidig som ein både høyrer og (les tekst) Ein kan til dømes lage dokumentarar, forteljingar, oppskrifter o.l. gjennom bruk av filmkamera og eit videoredigeringsprogram (MovieMaker). Vår gruppe har laga ei forteljing med utgangspunkt i forskningsresultat. Filmen er ein dokumentar om trivsel i skulen og fekk tittelen Indisposed (utilpass). Vår synopsis lyder slik: Eleven føler seg utilpass på skulen, grunna ein lærar som held lite motiverande undervising, og i tillegg er krass og sint. Læraren prøver å gi eleven det læraren sjølv trur er god undervising. Eleven klarer ikkje få utbytte av denne undervisinga, sidan både undervisinga og læraren er lite motiverande. Dette vert ekstra godt framheva i filmen, i det læraren gir eleven eksamensoppgåva, eleven tek i mot og prøver så vidt å løyse oppgåvene, men ser fort at han får det ikkje til, og hiv frå seg papira.Utfallet blir at eleven får ikkje til å lære, og stryk på eksamen. God fornøyelse!
Eksamensoppgåve_Nettavis
Då er vi i gong. Vi har fått bestemt kva journalistiske sjangerar vi skal skrive i, kven skal skrive kva, kva målgruppe vi skal skrive til, o.l. Eg skal vere redaktør og teknisk ansvarleg for nettavisa vår. Dvs. at eg skal skrive leiarartikkelen og ha ansvar for utforming, samansetting av nettavisa. Vi har ikkje bestemt namn til nettavisa enda, men beste forslag til no er DKL-NYTT... Vi får sjå kva det vert til.
Eg har så vidt begynt på leiarartikkelen som skal handle generelt om born og unge sine digitale vanar. Her tenker eg at boka til Vettenranta og Tønnessen kan vere til hjelp...
Eg har så vidt begynt på leiarartikkelen som skal handle generelt om born og unge sine digitale vanar. Her tenker eg at boka til Vettenranta og Tønnessen kan vere til hjelp...
fredag 24. april 2009
3. Samling DKL104_Eksamensførebuing
Både torsdag og fredag arbeida vi med eksamens- prosjektoppgåva, i tillegg til å gi respons på Lok1 si podcast-oppgåve/produksjonsplan, då dei har valt å arbeide med lyd på si eksamensoppgåve. Vi vart dele inn i grupper på to og (tre) personar. På førekant skulle vi skrive tre sterke sider ved produksjonsplanen og oppgåva og tre svake sider. Vår produksjonsplan hadde ikkje godt nok bearbeida problemstilling og produktmål, så arbeidet for oss, fredag handla veldig mykje om å finne ei god avgrensa problemstilling og eit produktmål som kan målast. Til dette fekk vi god hjelp av Kjell. Kva vi enda opp med kan du lese om her. Vi fekk òg ei kort rettleiing av Carl om nettavis-moglegheiter, design, utforming og litt om artikkelsjangerar o.l.
Vi arbeida òg med arbeidsmappene våra og gav respons til kvarandre her òg. Veldig smart, då det er mykje å halde styr på, så har ein til dømes gløymt noko her og der, får ein hjelp med ein medelev. Eg skal få oppdatert og ordna det viktigaste i helga. Har prøvd så godt eg kan til å halde meg ajour med både leksjonar og øvingsoppgåver, men eg skal ærleg innrømme at det ikkje har vore så enkelt siste tida med ein nyfødd unge (+ to til). Men det er ikkje lenge igjen no og fullføre skal eg om det så må gå utover nattesøvnen min.
Vi arbeida òg med arbeidsmappene våra og gav respons til kvarandre her òg. Veldig smart, då det er mykje å halde styr på, så har ein til dømes gløymt noko her og der, får ein hjelp med ein medelev. Eg skal få oppdatert og ordna det viktigaste i helga. Har prøvd så godt eg kan til å halde meg ajour med både leksjonar og øvingsoppgåver, men eg skal ærleg innrømme at det ikkje har vore så enkelt siste tida med ein nyfødd unge (+ to til). Men det er ikkje lenge igjen no og fullføre skal eg om det så må gå utover nattesøvnen min.
Etiketter:
Avisproduksjon,
DKL104,
Eksamen,
Samlingar
fredag 17. april 2009
3. Samling DKL102_Animasjon
Dagen byrja med forelesing om film/animasjon og korleis bruke film i skulen. Deretter fekk vi prøve sjølve i grupper. Eg, agnes, Rolf og Morten valte å lage reklame om kosthaldspodukt. Eg hadde teke med duplo og Morten hadde teke med lego. Tilfeldigvis hadde vi figurar som passa til reklamen (ein hest, tre personar, ein traktor, tre skjelett, ein skjeletthest og ein liten traktor) Målet var å formidle bodskapen om at det "enkle er ofte det beste": Lev sunnare, tren meir og (et mindre). Klikk her og sjå vår stilige og aktuelle animasjonsfilm om a-NorXi. Du finn han på YouTube...
Respons
Torsdagen handla stort sett om å gi respons på 2 av mappeoppgåvene. Eg kom saman med Agnes og sidan vi er på same DKL102-gruppe valte vi å gi respons på begge dei individuelle oppgåvene. Vi Dette for å kanskje lettare vurdere kva for ei av dei to som eignar seg best til eksamensinnlevering.
tirsdag 14. april 2009
Oppdatering
Har vore oppteken i det siste, det har skjedd så mykje, så eg har ikkje fått oppdatert bloggen min. Fekk guten 30.03 delvis i ambulansen og på Volda sjukehus. Han var 3620 g og 52 cm og har mykje brun-svart hår. Han skal heite Jonah. Eg kom heim fredag, så då fekk eg helga på meg å ferdigstille M3. Så har det vore påskeferie og besøket har strauma på - Alle vil sjå den nye verdsborgaren. Så har vi på gruppe 2 DKL104 jobba i ei fart for å få på plass prosjektplanen for eksamensoppgåva til den 13.04. Eg må nok kritisere meg sjølv her som gruppeleiar for å vere noko fjern som ikkje svinga rundt gruppa tidlegare... Når det er sagt meinar eg at vi har kontroll på videoproduksjonen/A3. Den har vi jobba godt og effektivt med.
Etiketter:
A3,
DKL102,
DKL104,
Informasjonskompetanse,
M3,
Videoproduksjon
Abonner på:
Kommentarer (Atom)